Fv. 601 Storehagen–Angedalsvegen - tiltak 9

Kvit bil på vegen foran Firda Billag bygget - Klikk for stort bileteTilhøvet til buss-stasjonen er eit tema i planlegginga. Foto: Magna Vangsnes

 

Type: Veg, sykkelfelt og fortau

Byggestart: (ikkje avklara)

Status: Under planlegging

Ferdigstilling: (ikkje avklara)

Fv. 601 (tidlegare 481) skal opprustast frå kryss med rv. 5 Naustdalsvegen til den nye brua over Jølstra til Hafstad bydel sør for Førdehuset. Det skal tilretteleggjast for syklistar og fotgjengarar ved å byggje sykkelfelt og fortau. Tiltaket er førebels kostnadsrekna til 116 mill. kr. (2021-kr).

Strekninga mellom Naustdalsvegen og Festplassen er delt opp i to reguleringsplanar:

Langebruvegen - Festplassen:

Fv. 601 mellom Langebruvegen og Festplassen

Vi tek sikte på å legge fram forslag til reguleringsplan på strekninga mellom Langebruvegen og Festplassen i løpet av 2023. Denne strekninga heng saman med Angedalsvegen vidare oppover (tiltak 15)  og ny veg over mot Hafstadreina (tiltak 1), og løysingane vert sett i samanheng.  Førdepakken planlegg for sykkelveg med fortau på nordsida av gata og eit enkelt fortau på sørsida av gata. Dette vil gi gode løysingar for mjuke trafikantar på begge sider av gata og samanhengande sykkelveg frå Langebruvegen til Prestefossen bru.  

Prinsippskisse som viser korleis løysinga med sykkelveg og fortau er tenkt.


 

Naustdalsvegen - Langebruvegen:

I Storehagen mellom Langebruvegen og Naustdalsvegen er det realistisk at forslag til reguleringsplan vert lagt ut på høyring neste år.

Fv. 601 Storehagen er ei av dei mest sentrale gatene i Førde sentrum. ÅDT(årsdøgntrafikk) ligg i dag rundt 6800. Rutebilstasjonen inneheld meir enn berre buss. Det er mellom anna mange parkeringsplassar for bil, tungtransport, vogntog og vaskehall inne på området. Framtidig trafikkomlegging vil gjere til at vesentlege delar av tungtransporten vert flytta ut, og dette vil betre trafikktryggleiken.

Sentrumsgate med skywalk mellom to kjøæpesenter - Klikk for stort bileteStorehagen mellom Naustdalsvegen og Langebruvegen. Magna Vangsnes

Tiltak 1 i Førdepakken og andre tiltak gjer til at venta ÅDT i framtida i Storehagen er 5400 (nedgang på 1400). Det er utfordringar med å finne optimale løysingar for buss og sykkel i gata, samstundes som gata også skal gi byen liv og utvikle området i ein meir urban retning. Statens vegvesen har hatt ein TS-revisjon av planarbeidet, og peika på at det er utfordringar knytt til store køyretøy sine blindsoner når dei skal krysse den planlagde sykkelveg med fortau. Planen skal ta utgangspunkt i skisseprosjekt for busstasjonen som vart utarbeidd i 2022.

Kontakt oss

Magna Fondesnes Vangsnes
Planprosjektleiar
E-post
Mobil 95 19 19 63