Alt du treng å vite om bomringen

Innkrevinga av bompengar i Førdepakken starta 3. oktober 2016.

Betaling med AutoPASS-brikke

Det enklaste og billegaste måten å betale bompengar er med ei AutoPASS-brikke i bilen.

Fordelar med å bruke AutoPASS-brikke:

  • AutoPASS-avtale gjev 20 % rabatt for køyretøy t.o.m 3.500kg
  • Ytterligare rabatt for nullutsleppskjøretøy (elbil og hydrogenbil) t.o.m 3500 kg og fritak for nullutslippskøyretøy f.o.m 3 501 kg.
  • Timesregel (du betalar berre for ei passering per køyretøy per time)
  • Månadstak/passeringstak (du betalar for maks 30 passeringar per køyretøy per månad)
  • AutoPASS avtale og søknad til bompengeselskapet Ferde gir fritak for rørslehemma
  • Du kan bruke AutoPASS-brikka i alle andre AutoPASS-anlegg og får automatisk dei rabattar og fordelar som gis der.

 

Bomstasjon ved Bruland, innkøyring til Førde frå aust.(Arkivfoto) Ole Kristian Åset

 

 

Førdepakken er ikkje utstedar av AutoPASS-brikker. Dersom du ynskjer ei rabattavtale, men ikkje har AutoPASS-brikke frå før, må du teikne AutoPASS-avtale med eit utstederselskap for å få tilsendt brikke.

Spørsmål og svar om bomringen