Kletten gang- og sykkeltunnel er opna!

Fredag 16. august opna Kletten gang- og sykkeltunnel for trafikk. Les meir om tunnelen her!

Angedalsvegen–Hafstadvegen (Hafstad bydel) - tiltak 1

Her kjem det ny bru over Jølstra. Ingar Hals

 

Type: Veg, gang- og sykkelveg

Status: Planfase

Prosjektet inneheld ny veg og ny bru over Jølstra, tilrettelagt for gang- og sykkeltrafikk. Prosjektet blir eit viktig gang-/sykkelvegsamband mellom idrettsparken i ny bydel og eksisterande kultur/idrettshus (Førdehuset) og eksisterande idrettsbanar. Prosjektet vil bidra til å løyse kapasitetsproblem i Førde sentrum. Det opnar opp for utbygging av ein ny bydel (Hafstad bydel). Den nye vegen vil bli ein fylkesveg.

Lengda på prosjektet er omlag 550 meter og er førebels kostnadsrekna til 178 mill. kr. (2021).

Våren 2021 vedtok Sunnfjord kommune korleis brua skal utformast, slik at både kunstverket Laksen og fotballbanen på vestsida av elva blir spart. Dette betyr at tida er inne for å starte detaljregulering av prosjektet.

Skisse av valgt versjon av brua. Statens vegvesen  

Kontakt oss

Magna Fondesnes Vangsnes
Planprosjektleiar
E-post
Mobil 951 91 963