Signerte største kontrakten så langt i Førdepakken

Bilde av Teams-vindu med dei som signerte - Klikk for stort bileteMåndag 7. mars var det kontraktsignering for Tiltak 14 i Førdepakken. Ole Kristian Åset  

Førdepakken signerte mandag kontrakt med Entreprenørservice AS om utbygging av E39 Fjellvegen og Hafstadvegen i Førde sentrum. Kontrakten på 137,5 millionar er så langt den største i Førdepakken.

Divisjonsdirektør Kjell Inge Davik signerte på vegner av Statens vegvesen som byggherre i Førdepakken, i ein digital seremoni der dokumenta blei godkjende.

- Gratulerer med jobben, og lykke til med prosjektet, sa Davik då begge partar hadde signert.

Ser fram til jobben

Dagleg leiar Thomas Østerbø signerte for Entreprenørservice AS, og han var svært glad for å ha landa ein stor kontrakt i det lokale markedet til Førde-firmaet, i konkurranse med lokale og nasjonale aktørar.

- Dette er veldig kjekt for våre tilsette, der ein del har måtte reise eit stykke til jobb etter at vi vart ferdige med det forrige prosjektet vårt for Førdepakken på Hafstadflata. Vi ser også fram til å gjere denne jobben, for Førdepakken byggjer fine anlegg med gode kvalitetar og flott materialval. Så me gler oss til å bygge noko som vil vise godt igjen i bybildet i Førde, seier Østerbø.

Tiltak 14 i Førdepakken blir den tredje vegkontrakta i bypakken for Entreprenørservice. Dei har tidlegare bygd på Hafstadflata og i Bergumkrysset, samt fleire mindre entreprisar der no riving av Cirkle K er pågåande.

Fornying av sentrum

Planområdet for tiltak 14 går frå krysset ved Førde hotell og til rundkøyringa på Hafstad. Hafstadvegen vert ei sentrumsgate der gåande får eigne område å vere på. Det vert torgplassar for opphald og aktivitet, mens bilane får mindre plass. På E39 Fjellvegen skal dei ulike kryssa utbetrast og flyttast noko, slik at dei vert meir trafikksikre, og det blir bygd gang- og sykkelveg.

Prosjektleiar Erling Varlid i Førdepakken seier at tiltak 14 saman med tiltak 9 vil gjere mykje for å utvikle dei sentrale kvartala i sentrum, både utsjåande-messig, som funksjonelle byområde og gje auka trafikktryggleik.

-Førde vil framstå på ein ny og betre måte når dette er på plass, seier Varlid.