Har tildelt kontrakt Fjellvegen - Hafstadvegen

Statens vegvesen tildeler Entreprenørservice AS kontrakten E39 Fjellvegen – Hafstadvegen, tiltak 14 i Førdepakken.

Trafikk på E39 ved Fjellvegen Ole Kristian Åset  

Kontraktsummen er på 137,5 millionar kroner, og anleggsarbeidet kan truleg starte i mai. Førde-verksemda kom best ut i tilbodskonkurransen når ein ser pris og tildelingskriterium i samanheng, og Entreprenørservice oppnådde eit fråtrekk/meirverdi på 27,1 millionar kroner.

- Vi har informert entreprenørane om resultatet av tilbodskonkurransen, og no har dei som ikkje rakk opp ti dagars klagefrist frå 18. februar . Etter at fristen er ute, kan vi gå til kontraktsignering på tiltak 14. Truleg vil det skje i byrjinga av mars, seier byggeleiar Runar Rise Hallset i Statens vegvesen.

Tilbodssummane til dei fire entreprenørane såg slik ut i rangert rekkefølge (eks.mva):

  1. Magne Hafstad AS                          131.307.500,- kr
  2. Entreprenørservice AS                  137.497.300,- kr
  3. Consto Midt AS                              182.128.497,- kr
  4. Bertelsen & Garpestad AS            192.907.090,- kr

Konkurransen vart lyst ut i september med påfølgande prekvalifisering, avklaringsmøte, og forhandlingsmøte undervegs.
-    Vi har i tillegg til prisen lagt vekt på tilbydd nøkkelpersonell, tiltak for å sikre god samanheng mellom prosjektering, bygging og overlevering, samt modellbasert prosjektgjennomgang. Trafikkavvikling inklusive mjuke trafikantar, planlagt gjennomføring av prosjektet og klimagassutslepp har også blitt vurdert. Prosjektet er utfordrande og komplekst. Arbeidet skal utførast midt i indrefileten av Førde sentrum, der samspelet mellom byggherre, entreprenør og vegbrukarane er nøkkelen til suksess, seier Hallset.

Bidreg til sentrumsutvikling

Byggherren meiner at Entreprenørservice AS sitt tilbud fremstår som veldig godt gjennomarbeidd, med delelement som heng godt saman. Byggherren har også vurdert at Entreprenørservice AS, saman med sin samarbeidspartnar Norconsult AS vil kunne gjennomføre oppdraget på ein særs god måte.

Det nye prosjektet vil legge til rette for gåande å syklande frå rundkøyringa ved Storehagen bru til rundkjøringa på Hafstad. Det omfattar også utbetring av kryss og sanering av avkøyringar langs eksisterende E39. Prosjektet bidreg til god sentrumsutvikling i Førde. 

Det nye anlegget skal stå ferdig finpussa og overlevert i desember 2023.