Signerte kontrakt om Angedalsvegen og Kyrkjevegen

Førdepakken signerte torsdag kontrakt med Magne Hafstad AS om utbetring av Angedalsvegen og Kyrkjevegen.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIllustrasjon av ny veg retning Førdehuset. Statens vegvesen

- Vi gler oss til å komme i gang med bygginga av prosjektet og ser fram til å samarbeide med Magne Hafstad AS om kontrakta, seier prosjektleiar Marius Slinde i Statens vegvesen.

Signeringa føregjekk digitalt torsdag, og det var utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik som signerte på vegner av Vegvesenet. Magne Hafstad vann konkurransen med ein pris på ca. 363 millioner kroner. Dei to andre tilbydarane var entreprenør Vassbakk & Stol AS og Entreprenørservice AS. Kontrakten inneheld fleire tiltak i Førdepakken samla i ein entreprise, og det er den største kontrakten som er gjennomført i Førdepakken. Les meir om kva som skal byggast her.

Statens vegvesen mottok ein klage på tildelinga, og behandlinga av denne har gjort at det har tatt litt tid før kontrakt kunne signerast.

Anleggsarbeidet vil starte opp i august, og arbeidet skal stå ferdig før sommaren 2030.