Gravemaskin frå Magne Hafstad AS i gang med eit tidlegare prosjekt i Førdepakken, her ved sjukehuset våren 2021.
Ole Kristian Åset
- Magne Hafstad entreprenør hadde det beste forholdet mellom pris og kvalitet, og var difor dei som gjekk sigrande ut av tilbodskonkurransen i Angedalsvegen og Kyrkjevegen (tiltak 15, 18 og 19). Det har vore ein lang og krevjande anbodsprosess, og vi er svært glade for at vi snart kan starte byggearbeidet, seier prosjektleiar Marius Slinde i Statens vegvesen.
Magne Hafstad AS vann konkurransen med ein pris på ca. 363 millioner kroner. Dei to andre tilbydarane var entreprenør Vassbakk & Stol AS og Entreprenørservice AS. Kontrakten inneheld fleire tiltak i Førdepakken samla i ein entreprise, og det er den største kontrakten som er gjennomført i Førdepakken.
- Dersom det ikkje kjem klagar på tildelinga, så vil vi signere kontrakt i slutten av april. Deretter vil vi setje i gang med samhandling og andre førebuingar, før spaden går i jorda i mai, seier Slinde.
Tre tiltak i ein kontrakt
Det mest omfattande av delprosjekta er tiltak 15 Angedalsvegen, som strekkjer seg frå Førdehuset til krysset til Skyttarkvia (litt forbi Prestefossbrua), i alt 1,47 kilometer. Vidare følgjer tiltak 19 frå Skyttarkvia til Slåtten skule, ei strekke på om lag 250 meter.
Langs desse strekningane skal det byggast sykkelveg med fortau på nordsida av vegen. Syklande og gåande vert skilde frå biltrafikken med ein liten rabatt. Fleire avkøyrsler vert samla i fellesavkøyrsler for å auke trafikktryggleiken og gje betre sikt. Dagens køyreveg vert utbetra og utvida til 6,5 meter brei langs heile strekninga. På to punkt vert vegen heva for å sikre den mot flaum.
Kjem infomøte
- Dette arbeidet vil ha konsekvensar for naboane langs Angedalsvegen, både når det gjeld framkomst og det å vere nabo til eit veganlegg. Vi vil difor oppmode folk til å stille på informasjonsmøte, når det nærmar seg anlegsstart, seier Slinde.
Mellom anna vil Angedalsvegen bli stengd for gjennomkøyring delar av anleggsperioden, men det vil vere opent for gåande og syklande.
Angedalsvegen er ein viktig veg mellom sentrum, Førde sentralsjukehus og store bustadområde. Angedalsvegen er skuleveg for elevar ved Førde barne – og ungdomsskule, for Slåttens skule, samt Høgskulen på Vestlandet. Mange nyttar og vegen til og frå arbeid i sentrum eller ved sjukehuset. Målet er ein tryggare og betre veg for alle trafikantgrupper.
Fortau i Kyrkjevegen
I tillegg til Angedalsvegen, ligg ei oppgradering av tiltak 18 Kyrkjevegen også i kontrakta. Her skal Førdepakken bygge fortau langs Kyrkjevegen frå krysset til Hornesvegen, og vidare austover til Angedalsvegen.
Kontrakten for dei tre tiltaka har ei rekke byggetrinn og delfristar, men heile prosjektet skal vere ferdig våren 2030.