Veistenging ved kyrkjegarden i Førde

Køyrevegen til Førde kyrkjegard, Blomreina, vert stengd for biltrafikk tysdag 4. juni frå kl. 07:30–22:00 på grunn av gravearbeid.

Plan for Kyrkjevegen på høyring

Planarbeidet gjeld ei lengre strekning - frå Angedalsvegen til og med Elstervegen /Helsetunet. Statens vegvesen  

Forslag til reguleringsplan for Kyrkjevegen er lagt ut på offentleg høyring, etter vedtak i formannskapet torsdag 11. februar. Frist for å komme med merknader er 15. april.

Merknader skal sendast til Sunnfjord kommune.

Det vert informasjonsmøte i Førdehuset (kinosalen) mandag 15.mars kl. 18.00

For grunneigarar vert det òg høve med eit møte med planleggarane tysdag 16. mars mellom kl 09.00 og 15.00. Send inn ynskje med aktuelt tidspunkt til magna.vangsnes@vegvesen.no . Då vil de få avtalt tid i løpet av dagen. Møtestaden vert kantina i Rødekorsbygget, 4. høgda.

Meir info om tiltaket, innsending av merknader og planar til nedlasting finn de her.

Kontakt oss

Magna Fondesnes Vangsnes
Planprosjektleiar
E-post
Mobil 951 91 963