Ny tilkomst til Lysthaugen

Måndag 7. november vert innkøryinga til Lysthaugen endra. Les meir her!

Opna Kletten gang- og sykkeltunnel

Mange var møtt fram då ordførar Jenny Følling opna den nye Kletten-tunnelen, ved å låse opp ein sykkellås!

Ordførar opnar tunnelen. - Klikk for stort bileteOrdførar Jenny Følling opna tunnelen med ein sykkellås. Ungdomane Iva Ailin Kalstad (11) og Emana Berga (12) heldt snora for ordføraren. Ole Kristian Åset  

- Å gå eller sykle på det smale fortauet i den gamle klettentunnelen, har vore eit mareritt. I denne nye, flotte tunnelen kan syklistane passere kvarandre med god margin, og eg trur at talet som går eller syklar til skule og jobb vil auke monaleg med denne nye tunnelen, sa Sunnfjord-ordførar Jenny Følling, før ho låste opp sykkellåsen og slapp køen fram fredag ettermiddag.

Rundt 200 personar var møtt fram for å få med seg opninga, og til stor glede for Førdepakken sine representantar var svært mange av dei born og unge - på syklar, sparkesyklar og til fots.

Unik lyssetting

Den nye tunnelen er 430 meter lang, med to adskilte sykkelfelt, og eit fortau for gåande. I taket er det montert ein spesiell effektbelysning, som gjer at ein bølge av lys flyter innover i tunnelen når første fotgjengar eller syklist går inn. Kjem det nokon frå motsett side, drar han eller ho med seg ein ny lysbølgje. På den måten kan folk i tunnel merke om det kjem møtande trafikk, eller om nokon kjem opp bak ein.

Syklistar i tunnelen med blått og rødt lys i taket. - Klikk for stort bileteMange var møtt fram for å teste den nye tunnelen ved opninga. Den fargerike og dynamiske belysningen vil nok gjere tunnelen til ein attraksjon for Førde. Ole Kristian Åset   

Rundt 3000 lastebillass med stein er køyrt ut i byggeprosessen, og byggetida har vore på eitt år og tre månadar. Tunnelen har eit tverrsnitt på 5,5 meter, og kostnaden er på ca. 110 millionar kroner.

Gratulerte Førde

Entreprenøren AG Tunnel AS har stått for bygging av tunnelen, og styreleiar Frank Mohn representerte firmaet under opninga.

- Først og fremst gratulerer til befolkninga i Førde med ein flott ny gang- og sykkeltunnel, som me håpar vil vere til stor nytte og glede. Og tusen takk til Førdepakken og Statens vegvesen for oppdraget, og for at de har vore ein god samarbeidspartnar undervegs, sa Mohn.

Samstundes med tunnelopninga, var seremonien fredag ein trippel markering, som også inkluderte tiårsjubileum for Sykkelbyen Førde og oppstart av mobilitetsveka i Sunnfjord.