Nye alternativ for bru ved Førdehuset

Førdepakken presenterte 19. oktober to nye brualternativ ved Førdehuset for Sunnfjord kommune. Ei bru med T-kryss og ei bru med rundkøyring.

Luftfoto med innteikna bru. - Klikk for stort bileteTo nye brualternativ for tiltak 1 ved Førdehuset vart presentert oktober 2023. Statens vegvesen

Det første forslget er alternativ 10: Ei T-kryssløysing som går frå Angedalsvegen (frå Storehagen) og rett fram over Jølstra til Hafstad. På begge dei nye forslaga har ein gått ned frå vegstandard til gatestandard, slik at fartsgrensa på vegen er 40 km i timen og plassbehovet noko mindre. Det betyr at løysinga ikkje vil kome i konflikt med kunstgrasbana eller Laksen. T-krysset her vil kome der det tekniske bygget står i dag.

Det andre forslaget er alternativ 13. Her er brua trekt lenger mot Førdehuset med ei rundkøyring. Her går brua i 90 grader rett over elva ved dagens utkøyring frå Førdehuset. Denne løysinga vil ta nokre parkeringsplassar ved Førdehuset, men vil ikkje kome i konflikt med kunstgrasbana.

Planane vart presenterte for politikarane i formannskapet av prosjektleiar Erling Varlid og planleggingsleiar Magna Vangsnes i Statens vegvesen 19. oktober 2023. T-kryssløysinga vil koste 451 millionar kroner, medan løysinga med rundkøyring vil koste 425 millionar kroner. Begge alternativa er rekna i 2022-kroner. Tilpasning av området framfor Førdehuset er inkludert i prisen på begge alternativa.

Ved rundkøyringsalternativet vil det bli mindre plass framfor Førdehuset enn ved bruk av T-kryss. Felles for begge forslaga er at terrenget framfor Førdehuset vil bli heva, slik at det første nivået med trapper er vekke.

T-kryssbrua er 150 meter lang, har seks spenn og tre fundament i elva. Brua med rundkøyring er 120 meter lang, har fem spenn og 2 fundament i elva.

Sjå presentasjonen (PDF, 5 MB)