Hol gjennom gang- og sykkeltunnelen

Sentrale involverte i tunnelprosjektet framfor røysa etter gjennomslag - Klikk for stort bileteEntreprenør og byggherre var glade for gjennomslag i tunnelen. Frå venstre: Geolog Finn Sverre D. Karlsen, kontrollingeniør Kristian Hauståker, anleggsleiar AG Per Olav Aasen, byggeleiar Eirik Markeset, prosjektleiar AG Jan Arild Langeid, påtroppande prosjektleiar AG Stig Aron Tverberg og HMS-ansvarleg Eli Karin Rise. Ole Kristian Åset  Onsdag var det gjennomslag i Kletten gang- og sykkeltunnel på rv. 5 mot Bergumkrysset. No startar neste fase i prosjektet, for å gjere tunnelen klar til bruk i sommar.

- Det er ei stor lette at vi har fått hol gjennom tunnelen, slik at perioden med dei største største sprengsalvane no er over. Arbeidet har vore ein belastning for dei nærmaste naboane, det har eg full forståing for. No går det mot rolegare tider, men det vil ikkje bli stilt i anleggsområdet, for mykje etterarbeid står att for å få tunnelen ferdig, seier byggeleiar Eirik Markeset i Statens vegvesen.

Salva som opna holet på Førde-sida gjekk av like etter klokka tolv onsdag, og då drønnet hadde stilna, fekk folk kome inn og sjå på resultatet. Når ein gravemaskin fjerna sprengmattane og noko av steinen som var lagt opp på utsida for å hindre sprut frå salva, kunne ein sjå ut på snøvêret inn mot Førde sentrum.

Anleggsleiar Per Olav Aasen i AG Tunnel AS, fortel om ei utfordrande oppgåve med å bygge tunnel i eit tett befolka område i Førde.

- Det har vore krevjande å ha riggområde for tunnelen midt mellom husa til folk, og vi måtte gå forsiktig fram for å ikkje skapa for mykje bråk og rystelser. Vi har hatt våre utfordringar i drivefasen, men no er vi svært godt nøgde med å ha kome igjennom fjellet, sa Aasen, før det bar inn til entreprenøren sine lokaler for å feire gjennomslaget med kaker og kaffe.

Marsipankake med påskrift Klettentunnelen 430 meter - Klikk for stort bileteKake for markering av gjennomslaget. Ole Kristian Åset  Mykje gjenstår før opning

Arbeidet i Førde sin nye gang- og sykkeltunnel går no inn i neste fase. Inne i tunnelen skal det gjerast botnreinsk, før nye vegmassar, drenering og elektrokablar skal inn. Nokre plassar skal det sikrast med fleire boltar, og vass- og frostsikringsmattar skal opp i store delar av tunnelen. Så startar elektroarbeidet for å få den spesielle belysninga på plass. Den nye tunnelen vil få led-lys med fargeeffektar, som blir aktivert av sensorar som registrerer når det kjem folk i tunnelen.

- Kletten gang- og sykkeltunnel vil bli ein ny attraksjon for Førde, og vi håpar at mange vil benytte den for å kome seg fram til jobb og skule, eller som ein del av turløypa si, seier Eirik Markeset.

Folk ser på holet ut mot Førde etter tunnelgjennomslag. - Klikk for stort bileteOpningen i enden mot Førde sentrum kom til syne etter gjennomslagssalva. Ole Kristian Åset