Type: Gang- og sykkelveg
Byggestart: Mai 2021
Status: Ferdigstilt
Ferdig: 2022
Den nye gang-og sykkeltunnelen gjennom Kletten vart opna i oktober 2022. Tunnelen er bygd som ein separat gang- og sykkeltunnel parallelt med Klettentunnelen på austsida av rv. 5. Den erstattar den smale gang- og sykkelvegen i den gamle, og gir betre tilhøve for gåande og syklande frå Hornnes og Bergum inn til sentrum.
I mai 2021 fekk entreprenøren AG Tunnel AS jobben med å bygge tunnelen. Sjølve tunneldrivinga starta opp hausten 2021, og gjennomslaget var i februar 2022. Ferdigstilling og elektroarbeid gjekk føre seg fram mot opning på slutten av året.
Tunnelen er ca. 440 meter lang og betrar framkomsten kraftig for dei mjuke trafikantane mellom Førde sentrum og Bergumkrysset. Tunnelen har to felt for syklistane og eit opphøgd gangfelt for dei gåande. Tunnelen er utstyrt med fargerik effektbelysning. Utanfor tunnelen er det bygd til saman 150 meter ny gang- og sykkelevg for å knyte tunnelen opp mot eksisterande vegnett. Tunnelen ble bygd av entreprenøren AG Tunnel AS.
Tiltaket kosta ca 110 millioner kroner (2022-kr).