E39 Fjellvegen - tiltak 14 Trafikk på E39 ved Fjellvegen Ole Kristian Åset Type: Veg Byggestart: Vår 2022 Status: Byggefase Ferdig: 2023 Reguleringsplanen for E39 Fjellvegen og Hafstadvegen vart vedteken i Sunnfjord kommunestyre 30. april 2020. Kontrakt på utførelse vart signert med Entreprenørservice AS i mars -22. Om tiltak 14: Planen legg opp til at Hafstadvegen vert ei gate der gåande får eigne område å vere på. Det vert torgplassar for opphald og aktivitet, mens bilane får mindre plass. Hovudtraseen for sykkel i Førde går gjennom planområdet. På E39 skal dei ulike kryssa utbetrast slik at dei vert meir trafikksikre. Begge kryssa med Hafstadvegen vert flytta litt på. Det vert ny tilkomst for bilar til Lysthaugen, litt aust for bustadane, og dagens tilkomst vert gjort om til ein gang og sykkelveg. Planområdet går frå krysset ved Førde hotell og til rundkøyringa på Hafstad. Det vil bli gjennomført støytiltak langs heile strekninga. Tiltaket er kostnadsrekna til 109 mill.kr (i 2021-kr) Sist endra 07.03.2022 14.09