Vil ha innspel til planarbeidet i Førde sentrum
Vestland fylkeskommune inviterer no innbyggjarar, næringsliv, organisasjonar og andre interesserte til å kome med innspel til planarbeidet for fv. 601 Storehagen–Angedalsvegen.
Strekninga i Førde sentrum skal få sykkelanlegg og fortau, og det skal byggast ny kollektivterminal i sentrum. Fylkeskommunen startar planarbeidet i august 2026 og ynskjer innspel til reguleringsplanen.
Oppstart av planarbeidet og innspel
Innbyggjarar og andre interessentar er inviterte til å komme med innspel, tankar og idear knytt til planprosjektet. Her er det også mogleg å teikne på kartet og legge ved filer.
Døme på innspel
- Born, unge, andre interessegrupper: Finst det snarvegar, skumle, mørke plassar, turvegar eller møteplassar det bør takast omsyn til?
- Naturobservasjonar: Finst det t.d. sjeldne vekster, tre eller insekt i området, eller uønskte vekster?
- Observasjonar av flaum eller overflatevatn.
- Spesielle tilhøve rundt eigedomar, som innsyn, støy, hage, tilkomstvegar.
- Lokalsamfunnet: Kva er viktig for deg i planområdet? Dette kan t.d. vere eit grøntområde, sosiale møteplassar eller ein sti.
Gje innspel til planarbeidet
Første innspelsperiode: 20. august–1. oktober 2026
Andre innspelsperiode: 1. oktober fram til offentleg høyring for eit planutkast
Innbygardialog - gje innspel til planarbeidet i Førde sentrum her
Sist endra 21.08.2026 09.48