Velkommen til opning av Kletten gang- og sykkeltunnel!

Tunnel i kveldslys. - Klikk for stort bileteKletten gang- og sykkeltunnel, ved portalen mot Bergum. Jan Tore Kyholt/AG Tunnel  

Den nye gang- og sykkeltunnelen gjennom Kletten opnar fredag, og alle er velkommen til å delta i opninga!

Fredag 16. september blir det ei tredobbelt markering ved den nye gang- og sykkeltunnelen i Førde:

  • Opning av ny gang- og sykkeltunell gjennom Kletten (tiltak 17 i Førdepakken)
  • 10års jubileum for sykkelbyen Førde
  • Oppstart av mobilitetsveka i Sunnfjord

TID: Fredag 16.sept. kl.16:00.

STAD: Ved tunellpåhogget på Bergumsida av den nye gang- og sykkeltunellen.

Det blir talar og informasjon om den nye tunnelen, og seremonien er krydra med musikkinnslag før ordførar Jenny Følling står for den høgtidelege opninga. Vi byr også på noko å bite i.

Vi oppmodar folk til å stille med sykkel eller til fots, for etter tunnelopninga går vi i kortesje gjennom den nye tunnelen.

Kletten gang- og sykkeltunnel er ca. 440 meter lang, og gir betre framkomst for dei mjuke trafikantane mellom Førde sentrum og Bergumkrysset. Tunnelen er ein rein gang- og sykkeltunnel, med to felt for syklistane og eit opphøgd gangfelt for dei gåande. Tunnelen vil vere ein attraksjon i Førde, med sin fargerike effektbelysning.