Stortinget handsama saken 28. januar 2025.
Peter Mydske, Stortinget
Då saka var oppe i Stortinget tysdag, var det 83 representantar som stemte for og 16 (FrP og Raudt) imot saksframlegget, og dermed var fem års utviding av Førdepakken banka igjennom.
Førdepakken starta innkrevjing av bompengar hausten 2016, og opphaveleg skulle pakken avsluttast i 2028. Men fleire av prosjekta i pakken har vorte meir kostnadskrevjande enn det som først vart lagt til grunn. Samtidig har gjennomsnittstaksten vore lågare enn føresett som følge av lågt passeringstak.
For å finansiere dei planlagde prosjekta, har Sunnfjord kommune og Vestland fylkeskommune gått inn for å auke inntektene gjennom å utvide innkrevjingsperioden fram til 2033. Dette har no Stortinget godkjend. Utvida innkrevjingsperiode er rekna å gje eit bompengebidrag på 615 mill. 2024-kr og ytterlegare 126 mill. kr i mva.-kompensasjon.
No når økonomien i pakken er sikra, står fleire tiltak klare til å lysast ut. Først i rekka står tiltak 15 (Angedalsvegen til Prestfoss bru), tiltak 18 (Kyrkjevegen) og tiltak 19 (Angedalsvegen frå Prestfoss bru til Slåtten skule).