Tilbodskonkurransen på denne brua vart diverre avlyst.Tiltak 8 i Førdepakken omfattar gang- og sykkelbru over Jølstra, mellom Naustøyna og Storehagen. Den nye gang- og sykkelbrua skal krysse Jølstra frå området ved det gamle kommunehuset til parkeringsplassen ved kjøpesentra nord for Jølstra. Brua vil knyte Sentrum Sør nærare til handelsområdet nord for sentrum, og inngå i ein ny nord-sør akse gjennom sentrum for dei mjuke trafikantane. Anbodet vart lyst ut i mars 2025, og det er komme inn tre tilbod på brubygginga.
- Diverre er denne brua mykje dyrare å bygge enn det vi forventa. Med dei prisane vi har fått inn no, ville prosjektet vorte nesten 40 millionar kroner dyrare enn tidlegare estimert, seier prosjektleiar Erling Varlid.
Sjå på rimelegare løysingar
Som del av anbodsprosessen er det sett på om ulike tiltak kan redusere kostnadane, men det har ikkje vore råd å redusere kostnadane vesentleg. Styringsgruppa til Førdepakken har difor bestemt at anbodskonkurransen skal avlysast, og at det skal arbeidast vidare med rimelegare løysingar.
- Meldinga frå styringsgruppa er at vi må ta grep og endre på bruløysinga, slik at kostnadane vert reduserte. I dette ligg det at me både må vurdere heile utforminga på nytt, og sjå på mellom anna S-forma og løysinga med sykkelveg med fortau, seier Marius Slinde, som overtek som prosjektleiar i mars.