Stenging i Langebruvegen

Arbeidet med Tiltak 14 fører til stenging i Langebruvegen og nytt køyremønster i krysset ved Førde hotell.

Oversiktskart stenging sentrum sør. - Klikk for stort bileteLangebruvegen og store delar av sentrum sør blir stengde, grunna arbeid med tiltak 14. Entreprenørservice

Frå 4. september blir Langebruvegen stengt imellom Spenst-bygget og rådhuset. Også dagens inn- og utkjørsle frå Sentrum Sør blir stengt, og det betyr at det ikkje vil vere mogleg å køyre over Langebrua eller inn til Sentrum sør frå Fjellvegen.

Alle som skal køyre til Sentrum Sør må no ta over Langebrua via Angedalsvegen. Når ein då kjem over Langebrua, vil det verte opna for å svinge over torget mellom Spenst-bygget og Kardemomme. Entreprenøren vil legge til rette så langt dei klarar med tilkomst til bedriftene og bebuarar i området.

Vi oppmodar dei som har arbeidsstaden sin i Sentrum-Sør om å nytte parkering til dømes på Festplassen, slik at besøkande til bedriftene får nytte parkeringsplassane i denne perioden.

Oversikt Førde hotell - Klikk for stort bileteVed Førde hotell blir påbudt køyreretning høgre når ein skal ut frå hotellet, og ein må ned i rundkøyringa ved Storebrua først, om ein skal inn til hotellet frå Hafstadflata. Entreprenørservice

Også i krysset ved Førde Hotell blir det endringar, med inn- og utkøyring frå eit felt. Dette er slik dette krysset skal bli permanent sjølv om vi ikkje er 100% ferdig her endå. Dei som skal inn til Førde Hotel kan berre svinge inn når dei kjem oppover frå rundkøyringa ved Storebrua (frå vest). Dersom ein skal svinge ut frå Førde Hotell krysset må ein svinge austover i retning Hafstadflata, og eventuelt snu tilbake igjen i første rundkøyring.