Kletten gang- og sykkeltunnel er opna!

Fredag 16. august opna Kletten gang- og sykkeltunnel for trafikk. Les meir om tunnelen her!

Oppstart i Halbrendslia

E39 med gravemaskinar i arbeid på sidene. - Klikk for stort bileteGravemaskinane starta på tiltak 13 i november -21. Ole Kristian Åset  Førdepakken er i gang med bygging av ny gang - og sykkelveg frå krysset i Furelia og ned til Hogane med gangkulvert under E39.

Arbeidet med å bygge gang- og sykkelvegen er kome i gang, og i februar startar arbeidet med kulverten der gang- og sykkeltrafikk skal kunne krysse under E39. For gåande og syklande medfører arbeidet at ein ikkje kan nytte eksisterande gangveg frå lyskrysset og mot Skjæret og Hogane. Midlertidig tilkomstveg går gjennom bustadfeltet i Holten i Liavegen for å krysse der Liavegen møter E39 (der det er busstopp og gangfelt).

 

 

 


I anleggsperioden er anleggsområdet avstengt med byggegjerder, samt at det er skilta kor fotgjengarane skal gå.

Ope møte 6. oktober kl. 18:00

Personell frå Førdepakken og entreprenør Magne Hafstad AS vil onsdag kveld vere på Halbrend skule for å orientere om planane og om ny gangtrase for elevane.

Alle er velkomne onsdag den 6. oktober kl. 18.00!