- Vi ser fram til å opne tiltak 14 i Førdepakken. Med all den fine steinlegginga, planter og kunst gir det eit stort løft for byen. Her får førdianarane ein flott, ny møteplass, seier prosjektleiar Erling Varlid i Statens vegvesen.
Kunstnar Magnhild Øen Nordahl har laga til delte konglomerat-steinar, som ligg som ein installasjon på torgplassen.
Ole Kristian Åset
Sjølve opninga skjer torsdag 19. september kl. 16.30. Det blir enkel servering (gratis) frå ca. 16.15, så det svarar seg å møte opp i litt god tid. Rockebandet Drusar frå Sunnfjord er hyra inn for å spele på opninga, så her blir det markering med skikkeleg trøkk. Ordførar Jenny Følling står for snorklippinga. Det blir sett opp scene framfor rådhuset ned mot den nye torgplassen, og Langebruvegen blir stengt for biltrafikk i samband med arrangementa.
Nye torgplassen, sett oppe frå rådhuset.
Vigdis Lobenz
Hafstadvegen har no vore igjennom ein lang periode med gravearbeid. Nye røyr og leidningar er lagt ned under vegen, før asfalt, steinlegging og planter kjem på toppen. Nye Hafstadvegen er blitt ei gate der gåande og syklande får meir prioritet enn før, og hovudsykkelruta gjennom byen går i denne gata.
I Fjellvegen er dei ulike kryssa utbetra, det er bygd ny midtrabatt, og rundkøyringa ved Førde hotell er ombygd. Også langs Fjellvegen er det bygd gode gang- og sykkelvegar, og område for kryssing av vegen er tryggare enn før. Entreprenørservice frå Førde har vore hovudentreprenør på prosjektet.
Markeringa held fram
Fredag og laurdag held markeringa fram med ein lang rekke aktivitetar og mattilbod i sentrum sør. Også på fredagskvelden blir det live musikk frå scena, med Born in Sunnfjord. På dagtid blir det mykje som skjer, og vi får besøk av klovn og det blir aktivitetar for barna. Sjå program for fredag og laurdag her: