Veistenging ved kyrkjegarden i Førde

Køyrevegen til Førde kyrkjegard, Blomreina, vert stengd for biltrafikk tysdag 4. juni frå kl. 07:30–22:00 på grunn av gravearbeid.

Open kontordag om tiltak 18 Kyrkjevegen

Planarbeidet gjeld ei lengre strekning - frå Angedalsvegen til og med Elstervegen /Helsetunet. Statens vegvesen  

Førdepakken og Sunnfjord kommune inviterer til open kontordag om Kyrkjevegen onsdag 28. oktober.

Det vart varsla oppstart av reguleringsplan våren 2020 for strekninga mellom Angedalsvegen og Elstervegen (Tiltak 18 i Førdepakken). Føremålet er å regulere areal for bygging av fortau.

No er planarbeidet komme lenger og vi har skissert løysingar. Før vi går vidare ynskjer vi å invitere grunneigarar, naboar og andre som er interessert i prosjektet til å komme innom for å få informasjon og utveksle synspunkt på skisserte løysingar.  

Vi er å treffe mellom kl. 14.00 og 18.00 i RødeKors-bygget 4.etasje, i Langebruvegen.

Kontakt oss

Magna Fondesnes Vangsnes
Planprosjektleiar
E-post
Mobil 951 91 963