Kletten gang- og sykkeltunnel er opna!

Fredag 16. august opna Kletten gang- og sykkeltunnel for trafikk. Les meir om tunnelen her!

Omlegging av Vievegen

Maskinar frå Magne Hafstad jobbar med å bygge ny veg og gang-og sykkelveg ved Førde sentralsjukehus. Ole Kristian Åset  

Arbeidet med å bygge gang- og sykkelveg samt å utbetre Vievegen går for fullt, og no skal snart trafikken leggjast om for å skifte ut massane under andre halvdel av bilvegen ved sjukehusparken. Vi oppmodar trafikantane til å følgje skilt og lysdirigering nøye, og me ynskjer minst mogleg trafikk i den midlertidige avkøyrsla i ambulansekrysset. Men trafikk til akuttmottaket og Covid 19 teststasjonen skal gå som normalt.