Nytt køyremønster i Fjellvegen

Måndag 21. august må du køyre på eit anna vis i Fjellvegen. Men endringa blir kortvarig.

Kart med pilar. - Klikk for stort bilete21. august blir køyremønsteret endra på Tiltak 14. Entreprenørservive AS

Køyremønsteret på Tiltak 14 vert midlertidig endra, då entreprenøren skal sette kantstein og gjere ein større del av nye E39 klar for bruk. ESSO og Lysthaugen-krysset blir difor berre tilgjengeleg frå eit køyrefelt i ein kortare periode. Dette arbeidet startar mandag 21. august, og Entreprenørservice reknar med å være ferdige innan 30. august. 
Dette betyr altså at dersom du skal inn i Lysthaugen, så må du komme frå vest. Dersom du skal ut frå Lysthaugen-krysset, så må du følgje trafikken aust og i retning rundkøyringa. Dersom du skal inn i Hafstadvegen ved å nytte ESSO-krysset, så må du komme frå aust. Dersom du skal ut frå ESSO-krysset må du følgje trafikken å køyre vestover i retning Førde Sentrum.

Kart - Klikk for stort bilete21. august blir køyremønsteret endra på Tiltak 14. Entreprenørservice AS


Endringane vert tydeleg skilta, og folk blir oppmoda til å passe farten for å sikre at dei som jobbar langs vegen får ein trygg arbeidskvardag.