Nye vegen Indre Øyrane -Langebruvegen er opna

Den nye vegen frå Langebruvegen til Indre Øyrane vart opna i flott vintervêr 16. desember.

Folk pent oppstilte bak norgesbandet for snorklypping. - Klikk for stort bileteOrdførar Jenny Følling kutta snora, flankert av Richard Andersen, Asbjørn Steen, Arve Helle og Kjartan Hove. Ole Kristian Åset

Markeringa fann stad foran helsetunet, ved den nye brua over Løken, og mange møtte fram for å få med seg hendinga. Ordførar Jenny Følling stod for snorklyppinga, og unge blåsarar frå Sunnfjord kulturskule skapte ei flott ramme rundt opninga. Som det passar seg i førjulstida, vart det servert gløgg, kaffe og bakst til dei frammøtte.

Tiltak 12 består av køyreveg og bru med tilrettelegging for gang- og sykkeltrafikk i ei lengde på 550 meter frå rundkøyringa på rv. 5 Naustdalsvegen fram til lyskryss ved fv. 60 Storehagen (tidlegare fv. 481). Det er bygd fortau på begge sider av ny gate.  På den eine sida er det sykkelveg, og langs gata er det rabatt med trerekker. Det er også fleire plassar det går an å sette seg ned langs traseen, med benkar og beplantning.

Strekninga som no er opna blir ein ny vegakse i Førde sentrum, og prosjektet bind saman dagens sentrum med ny bydel som kjem på Indre Øyrane.