Ny trafikkomlegging i Hafstadvegen vest

Tysdag 10. oktober blir det nytt køyremønster i Hafstadvegen vest, slik at tilkomst og parkeringsareal blir noko endra.

Kart som viser nytt køyremønster frå E39 Fjellvegen og inn til sentrum sør. - Klikk for stort bileteNy omlegging av adkomsten til sentrum sør trer i kraft frå morgonen 10. oktober. Entreprenørservice

Entreprenørservice er i full gang med gravearbeida i Hafstadvegen vest, og under bakken blir det montert både nye kummar, vassleidningar og kablar. Arbeidet blir tatt steg for steg oppover, og no er det tid for ny omlegging av tilkomsten.

For billistane blir endringane frå tysdag morgon som følgjar:

  • Innkøyring til sentrum sør/Hafstadvegen vest blir frå ny avkøyring frå E39.
  • Ny innkøyring til betalingsparkering

- Vi er no inne i innspurten på arbeida i Hafstadvegen vest. Målet er at vi i haust skal ha komplett anlegg ferdig fram til der det nye torget skal etablerast. Då vil parkeringssituasjonen i sentrum sør vere ferdig ombygd til veke 50, seier byggeleiar Runar Rise Hallset i Statens vegvesen.

Gravemaskin jobbar inne ved torgområdet i sentrum sør i Førde. - Klikk for stort bileteGravearbeid i Hafstadvegen vest, då dei starta opp i dette området. Ole Kristian Åset