Ny parkeringsplass i Hafstadvegen vest

Sunnfjord kommune opnar måndag 19. september ei ny parkeringsplass i Hafstadvegen vest, i samarbeid med Førde Sør og Førdepakken. Første timen er gratis, men etter det må du betale, og dette er for å sikre nok parkeringsplassar i vestre del av Hafstadvegen.

Bilde av kart - Klikk for stort bileteOversikt parkeringsplassar i Hafstadvegen vest Sunnfjord kommune  

Anlegget omfattar 63 parkeringsplassar, av desse er fire reservert for forflytningshemma. Det nye systemet er heilautomatisk. Kamera vil registrere inn- og utkjøringstidspunkt, og du betalar for medgått tid. Betaling kan gjersast via nettsiden https://betaling.parkpay.no/, EasyPark-appen eller via automat på plassen. Om ein ikkje betaler for parkeringa, vil ein få tilsendt faktura med fakturagebyr i etterkant.

Dette kostar det å parkere

Den første timen parkerer du gratis. Den andre timen betaler du 20 kroner. Etter dette betaler du 50 kroner for kvar time. Ønsket er å skape sirkulasjon, og at ingen blir ståande lenge. Parkeringa er tenkt til korttidsparkering. Avgifta er gjeldande på kvardagar klokka 09.00–16.00.

Resten av dei offentlige parkeringsplassene i sentrum sør er ikkje omfatta av ordninga, og kan framleis nyttast fritt. Etableringa av ordninga må sjåast i samanheng med at det er oppretta langtidsparkering på Festplassen, slik at dei som skal parkere heile dagen framleis har eit parkeringstilbod.

Kommunen oppfordrar alle som jobbar i sentrum sør om å nytte Festplassen til dagparkering, slik at også dei avgiftsfrie plassane i bydelen kan nyttast av kundar til dei som driv næring. Dei oppfordrar også dei som kan gå, sykle eller nytte kollektivtransport om å gjere det

Vilkåra kan bli endra om plassane er for mykje eller for lite brukt. Det er kommunen som er operatør for ordninga. Bakgrunnen for ordninga er ønske frå grunneigarar og næringsdrivande i sentrum om å sikre nok parkering i sentrum sør.