Markerte opning av ny gangveg

Den nye gang- og sykkelvegen i Halbrendslia vart opna tysdag 19. september, med flott feiring saman med skuleelevane.

Jenny kuttar snora med kniv. - Klikk for stort bileteOrdførar Jenny Følling kuttar snora ved undergangen på den nye gang- og sykkelvegen, med god hjelp frå nokre av borna på skulen. Ole Kristian Åset

Ein regntung septemberdag var det duka for markering på tiltak 13 i Førdepakken, og til alt helt slutta det verste regnet akkurat i tide før Sunnfjord kommune arrangerte opningsseremoni med rundt 150 elevar frå 5. til 7. trinn og ordføraren på plass.

- Eg er veldig glad for at elevane på Halbrend og Flatene skule no har fått ein trygg gang- og sykkelveg, der dei kan passere trygt forbi E39. Og eg vil rose dykk for den tålmodigheita de har hatt i byggeperioden, for de har måtte gått nokre omvegar, sa ordførar Jenny Følling, før ho fekk kutte snora ved den nye undergangen.

Viser mange frammøtte ved den nye undergangen. - Klikk for stort bileteSkuleungar frå tre klassetrinn møtte opp, samt nokre ungar frå barnehagen. Ole Kristian Åset

Folk frå kommunen delte ut sett med sykkellys og ringeklokkar til ungane som var møtt frem, slik at dei kan ferdast enno tryggare no framover i haustmørket.

- No håpar eg at de går og syklar til skulen. For å gå til skulen er som eit kinderegg: det forurensar ikkje, de får frisk luft, de får mosjon, og det er mykje billegare enn å køyre bil, sa Følling.

- Eit skikkeleg løft

Den nye gang- og sykkelvegen er ca 350 meter lang, og hovudelementet i byggverket er den 16 meter breie undergangen som er støypt under E39. Magne Hafstad AS har stått for bygginga på strekninga, under Statens vegvesen og Førdepakken sin byggeleiing.

- Tusen takk til entreprenøren for flott gjennomført arbeid! Dette er eit skikkeleg løft for oss på Halbrend skule. Me har 400 elevar, og for mange av desse er skulevegen blitt mykje tryggare, meir oversiktleg og betre. I tillegg er det jo også blitt meir oversiktleg for bilistane som køyrer på E39 over undergangen, sa rektor Sølvi Søgnen på Halbrend skule.

Arbeidet starta i november 2021, og i slutten av april i år vart undergangen teken i bruk. Noko finpuss har pågått i etterkant, og ved opningsmarkeringa no i september var graset blitt fint og grønt på dei nye skråningane.

Trekkspel foran undergangen. - Klikk for stort bileteUngane framførte ein flott sang, og det vart trekkspelmusikk ved distriktsmusikar Ole Nilssen under opninga. Ole Kristian Åset