Legg stein på stein i Førdepakken

Arbeida med tiltak 14 i Førdepakken er i full gang etter ein hard vinter. No pågår steinlegginga for fullt, og etter påske blir det asfaltering.

- Gang- sykkelvegen langs E39 Fjellvegen er klar for asfaltering, og me ventar berre på at asfaltverket skal starte sesongen etter påske. Elles er det mellom anna steinlegging for fullt no, og graving av nytt VA-anlegg og trekkerøyr i Hafstadvegen , seier formann Tor Olav Viken hos Entreprenørservice AS.

Også Langebruvegen og parkeringsplassane i Sentrum Sør skal få asfalt etter påske.

To karar legg stein, med løftemaskin som hjelpemiddel. - Klikk for stort bileteUnderentreprenør Gravdal Skog- og hageservice står for steinlegging på tiltak 14 i Førdepakken, og tusenvis av stein skal plasserast rundt om i Førde denne våren. Ole Kristian Åset

Vinteren har vore hard for arbeidsfolka på Førdepakken, med månadslange kuldeperiodar som har ført til djup tele i bakken. Arbeidet har difor gått noko seinare ein periode, men no har byggeleiar Runar Rise Hallset i Statens vegvesen trua på at entreprenøren klarar å ta igjen mykje av det tapte.

-No er det fullt trøkk på arbeidet, og når me kjem til 1. september skal alt stå ferdig, seier Hallset.

Også nede i rundkøyringa ved Førde Hotell føregår det sprenging og graving, då rundkøyringa skal utvidast, slik at det blir lettare å ta seg rundt den for store køyretøy.

Person ved byggegjerde. - Klikk for stort bileteTor Olav Viken, formann hos Entreprenørservice AS, viser området i Fjellvegen der trafikken skal leggast om for å gjere ferdig rabatten. Ole Kristian Åset

I Fjellvegen frå fotograf Reiakvam og austover skal trafikken flyttast litt til siden, slik at ein kan gjere ferdig rabattane og vegbana på E39 på den attståande strekka.

Foran rådhuset og nedover torget på andre sida av Langebruvegen skal det leggast nesten 7000 kvadratmeter med heller, mykje av det i åklemønster.

-Dette blir Førde sitt svar på Den blå steinen på Torgallmenningen i Bergen. Det nye torgområdet i Førde kjem til å bli eit flott byrom, med planter, kunst, stolar og bord, til glede for alle innbyggjarar, seier Hallset.

Illustrasjon torgplass belagt med stein i åklemønster. - Klikk for stort bileteSlik skal den nye torgplassen i Førde sjå ut når arbeidet er ferdig Norconsult, illustrasjon

 

Planlagde delopningar:

Hafstadvegen vest (Frå Klagegg mot Langebruvegen) og Langebruvegen vil kunne opnast for publikum i løpet av mai, dersom arbeidet går med god framdrift.

Hafstadvegen aust (Frå Langebruvegen mot Esso) vil kunne opnast for publikum i juli, om ting går som planlagt.

I løpet av den siste månaden fram mot ferdigstilling vil det føregå finpuss og klargjering på anlegget.