Stengt for bilar i Langebruvegen

Langebruvegen er stengt for biltrafikk frå nr. 19 og bort til helsetunet. Gåande og syklande kjem forbi. Omkøyring for bilar frå rundkøyring ved Øyrane vgs.

Langebruvegen stengd og ny tilkomst helsetunet


Langebruvegen før graving, asfalten er av frå nr. 19 mot helsetunet. - Klikk for stort bileteHer er asfalten fjerna, og det er klart for graving i Langebruvegen. Rune O. Moldestad     Arbeidet med bygge om Langebruvegen og tilrettelegge for mjuke trafikantar er no i gang. Gåande og syklande vil komme seg forbi som før, men bilistane må nytte ny adkomst.

25. januar stengte Langebruvegen for biltrafikk frå nr. 19 og innover mot den nye brua. Gåande og syklande har tilkomst til Rødekorsbygget, Rikken, sjukeheimen og nr. 19 frå same side som før.

 Bilistar som skal til sjukeheimen eller Rødekorsbygget (legekontoret) må nytte den nye brua over Løken. Då tar ein av frå rv. 5 i rundkøyringa ved Mo og Øyrane vgs. og køyrer den nye vegen austover og over den nye brua.

Stenging på denne strekninga vil vare til over sommaren, men då vil arbeidet flytte seg lenger bortover i gata, med stenging fram til avkøyringa til Coop Mega sin parkering.

Oversiktskart - Klikk for stort bileteOversikt over stenging i Langebruvegen og omkøyring Statens vegvesen