Kletten gang- og sykkeltunnel ute på anbod

Ny sykkeltunnel skal gå inn i berget på innsida av den eksisterande Klettatunnelen frå 196 Statens vegvesen  

Kletten gang- og sykkeltunnel er no lyst ut på anbod. Tunnelen blir 440 meter lang og vil betre framkomsten kraftig for dei mjuke trafikantane mellom Førde sentrum og Bergumkrysset. Det blir ein rein gang- og sykkeltunnel med to felt for syklistane og eit opphøgd gangfelt for dei gåande. Tunnelen blir ein attraksjon i seg sjølv, med fargerik effektbelysning. Utanfor tunnelen skal det byggast til saman 150 meter ny gang- og sykkelevg for å knyte tunnelen opp mot eksisterande vegnett.