Gangbru Naustøyna-Storehagen er lyst ut6. mars vart tiltak 8 gangbru Naustøyna-Storehagen lyst ut. Tiltaket omfattar ny gang- og sykkelbru og parkanlegg på begge sider av elva.Illustrasjon av ny gang- og sykkelbru over Jølstra. Rambøll/L2 Arkitekter Gang- og sykkelbrua skal byggast som spennarmert betongbru. Fundamenteringa er med peler i Jølstra med tilhøyrande brufundament. Ein må pårekne arbeid frå lekter i elva både for peling, støyping av fundament, bygging av reisverk og ved støyping av selve brua. Rekkverket skal spesialtilpassast for brua, og må bli bygd etter eksakte mål. Kontrakten inkluderer også opparbeiding av parkområde på begge sider av brua, med tilhøyrande arbeid over og under bakken, mellom anna arbeid for vatn, avløp og elektro.Tilbodsfristen er 4. april, og det blir tilbodssynfaring i Førde for interesserte entreprenørar den 18. mars.Den nye gang- og skkelbrua krysser Jølstra ved Naustøyna. Statens vegvesen Sist endra 07.03.2025 13.00