Første spadestikk for største prosjektet i Førdepakken

Måndag 14. september vart det sett i gang arbeid på det til no største og mest omfattande prosjektet i Førdepakken: oppgraderinga av Angedalsvegen og Kyrkjevegen.

I ei flunkande ny elektrisk gravemaskin fekk Arve Helle, leiar i hovudutval for samferdsle og mobilitet i Vestland fylkeskommune, ta det første «spadestikket». Det markerte starten på fire år med anleggsarbeid som skal gi betre trafikktryggleik og framkome for både bilistar, gåande og syklande.

Skal stå ferdig i 2030

Når prosjektet står ferdig, vil Førde få eit nytt og samanhengande gang- og sykkeltilbod frå Slåtten skule til Førdehuset.

– Dette tiltaket er ei viktig lenke i det nye trafikkmønsteret i Førde. Saman med dei andre tiltaka i Førdepakken skal det gi betre flyt og auka trafikktryggleik for alle trafikantgrupper, seier prosjektleiar Marius Slinde i Statens vegvesen. 
Det er Vegvesenet som er byggherre for prosjektet.

Leiar i hovudutval for samferdsle og mobilitet i Vestland fylkeskommune, Arve Helle, fekk teste ei flunka ny elektrisk maskin frå entreprenør Magne Hafstad AS. - Det var ikkje lett å betene åtte spakar, så eg er glad for at meir røynde folk no skal overta gravinga, sa Helle.

Angedalsvegen skal utvidast til to fullverdige køyrefelt med gul midtstripe, samt gang- og sykkelveg skilt frå biltrafikken med ein liten rabatt. Førdepakken skal også byggje fortau langs Kyrkjevegen, frå krysset ved Hornnesvegen og vidare austover mot Angedalsvegen.
Prosjektet skal ferdigstillast etappevis, og heile anlegget er planlagt opna sommaren 2030. 

Trangt og komplisert anleggsområde

- Dette er eit veldig etterlengta prosjekt i Førde, og vi er veldig glade for at det no kjem i gang. Ekstra kjekt at det er ein lokal entreprenør, som har planlagt godt og er opptekne av god dialog med dei som bur her, seier Jenny Følling, ordførar i Førde. Her saman med John Martin Jakobsen, fylkeskommunen sin representant i styringsgruppa til Førdepakken, og prosjektleiar Marius Slinde. Dagleg leiar Morten Hafstad får gravemaskin presist på plass. Heidi Ravnestad

Arbeidet byr på fleire tekniske utfordringar.

– Det er knapt med plass og krevjande grunnforhold. Når vegen skal utvidast inn i terrenget, må vi etablere røyrspuntveggar med natursteinsmur framfor. Samstundes må vi fylle på lette massar bit for bit for å sikre stabiliteten i grunnen, seier Slinde. 

Anleggsområdet ligg tett på både sjukehus, kyrkje, barneskule og bustader. Det stiller store krav til trafikkavvikling, tryggleik og koordinering med naudetatane. 

Prosjektet må også ta omsyn til flaumfare og strenge miljøkrav knytte til arbeid i den lakseførande elva. 
– God informasjon og dialog med naboar og grunneigarar blir heilt avgjerande gjennom anleggsperioden, seier Slinde. 

Satsar stort på elektriske maskiner

Det lokale entreprenørselskapet Magne Hafstad AS har fått kontrakten, og dagleg leiar og prosjektleiar Morten Hafstad legg ikkje skjul på at dette er eit viktig oppdrag for selskapet.

– Dette er den største jobben vi nokon gong har hatt. Samstundes er prosjektet delt opp over fleire år og delstrekningar, og det er ein type arbeid vi kjenner godt og er komfortable med, seier Hafstad. 

Selskapet har investert tungt i elektriske maskiner til prosjektet og har kjøpt inn seks nye el-køyretøy: fire gravemaskiner, ein hjullastar og ein lastebil. 

– Dei som jobbar for oss bur her i området, så det betyr mykje å ha stabile arbeidsplassar i fire år framover, seier Hafstad.