Førdepakken nominert til gjev arkitekturpris

Juryen for Landskapsarkitekturprisen har nominert 10 prosjekt til Landskapsarkitekturprisen 2026. Blant dei er tiltak 14 i Førdepakken - opprustinga av sentrum sør.

Det åklekledde torgområdet sett frå drone. - Klikk for stort bileteDet åklekledde torgområdet sett frå drone. Kenneth Solsvik, Geo Pro Vest AS

 

Tiltaket E39 Fjellvegen og Hafstadvegen stod ferdig i 2024, og innheldt ei ombygging av Hafstadvegen til ei gate der gåande har eigne område å vere på. Det er bygd torgplassar for opphald og aktivitet, mens bilane får mindre plass. Hovudtraseen for sykkel i Førde går gjennom området. 

På E39 er dei ulike kryssa utbetra, slik at dei vert meir trafikksikre. Begge kryssa med Hafstadvegen er flytta litt på. Det er bygd ny tilkomst for bilar til Lysthaugen, litt aust for bustadane, og tidlegare tilkomst er gjort om til ein gang og sykkelveg.

Juryen trekk i si grunngjeving spesielt fram landskapsutforminga, som gjer byen meir tilgjengeleg for barn og unge, og bruken av åklemønsteret på torget. Den viser tilbake til Sunnfjord sine lange tradisjonar for vev og tekstilkunst, og gir prosjektet lokalt særpreg. 

Juryen meiner opprustinga også har styrka sentrum sør som sosial arena. "Innbyggerne i byen har lenge ønska seg et mer levende og trivelig bysentrum. Med prosjektet i Førde sentrum sør er det gjort et viktig løft for å skape sosial verdi i uterommene, gjennom å skape særpreg og en følelse av lokal identitet.”

Kven som vert vinnar av årets Landskapsarkitekturpris blir avgjort i oktober.