Førdepakken informerte om Tiltak 14

Rundt 45 personar møtte fram til infomøte om E39 Fjellvegen og Hafstadvegen 5. april. Opptak av møtet er lagt ut her.

Illustrasjon over det nye torgområdet, tilrettelagt for gåande og syklande. - Klikk for stort bileteTorgområdet nedover mot Førde varehus, sett frå fotgjengarovergang over Langebruvegen. Illustrasjon  

I panelet under møtet sat prosjektleiar Erling Varlid og byggeleiar Runar Rise Hallset frå Statens vgevesen, prosjektleiar Thomas Østerbø i Entreprenørservice og  kommunedirektør Ole John Østenstad i Sunnfjord kommune. Møtet var i samband med byggestart på Tiltak 14 i sentrum av Førde. Du kan sjå opptak av møtet og spørsmålsrunda i etterkant her:

Planområdet for tiltak 14 går frå krysset ved Førde hotell og til rundkøyringa på Hafstad. Hafstadvegen vert ei sentrumsgate der gåande får eigne område å vere på. Det vert torgplassar for opphald og aktivitet, mens bilane får mindre plass. På E39 Fjellvegen skal dei ulike kryssa utbetrast og flyttast noko, slik at dei vert meir trafikksikre, og det blir bygd gang- og sykkelveg.