Endra køyremønster på E39Det blir nytt køyremønster på E39 ned mot Thon Hotel Førde. 1) Arbeidsområdet 2) Midlertidig overgangsfelt på omkjøyringsveg. 3) Korttidsparkering 4) Tilkomst til Hafstadvegen 32B samt eigedomar på sørside av E39. Illustrasjon Mandag 22. august startar Entreprenørservice med arbeider på E39 Fjellvegen, der Cirkle K bensinstasjonen stod. E39 skal gravast opp, og trafikken på vegen må difor leggjast om. E39 vil få ein sving i retning elva, i frå Sunnfjord Elektro og bort til Fotograf Reiakvam. Etter kvart skal det gravast lenger bort på E39, der to busshaldeplassar skal flyttast. - Vi oppmodar trafikantane til å ta omsyn til fartsgrense og skilting i området i samband med omlegginga, seier byggeleiar Runar Rise Hallset. 1) Omlagte busshaldeplassar, på begge sider av E39 2) Område for vegkryssingar, som vil omhandle mindre omfattande vegomleggingar lokalt. 3) Endra mønster for gåande og syklande. Sist endra 18.08.2022 13.41