To alternative løysingar er ute på høyring. Med T-kryss til venstre og med rundkøyring som i illustrasjonen til høgre.Planframlegget legg til rette for gate med sykkelveg og fortau frå rundkøyringa på Hafstad og til Angedalsvegen. Dette inkluderer bru over Jølstra. Planen er utarbeidd i to alternative løysingar; eitt med T-kryss (alt. 10) og eitt med rundkøyring (alt. 13).
Alle saksdokumenta finn du på denne sida hos Sunnfjord kommune:
Møteoversikt - Sunnfjord kommune
Merknader og infomøte:
Eventuelle merknader til planen skal sendast til Sunnfjord kommune, frist 12. juli. Under kunngjeringar er det eit eige skjema du kan nytte.
Du kan også sende som e-post til postmottak@sunnfjord.kommune.no eller via post til Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde, merk med saknr. 20/1085
Har du spørsmål, snakk med Vigdis Lobenz i Sunnfjord kommune tlf. 57828780.
Måndag 27. mai vil planleggarane frå Førdepakken og Sunnfjord kommune vere i kafeområdet på Førdehuset frå kl. 14.00 -18.00. Her kan du stille spørmål og diskutere saken direkte, og i tillegg drøfte Førdehusplanen som brua er nært knytt opp mot.
Planområdet:
Planområdet er frå rundkøyring på E39 på Hafstad, forbi Hafstadparken og i bru over Jølstra. Fv. 601 Angedalsvegen frå Vaskarvollen og til kryss med vegen Prestebøen. Planforslaget viser gateløysinga og sideterreng som er nødvendig for å realiserer utbygginga. I tillegg er heile parkeringsplassen til Førdehuset teke med, for den må hevast for tilpassing til gateanlegget og som eit flaumførebyggande tiltak.
Dei to alternative løysingane tilfredsstillar begge kravet om at skulpturen Laksen og kunstgrasbana ved Førdehuset skal ivaretakast og ikkje øydeleggast. Alternativ 10 har T-kryss løysing med Angedalsvegen, mens i alternativ 13 er det rundkøyring. Planframlegget er utarbeidd av Statens vegvesen på vegne av Førdepakken.
Her kan du sjå 3D-animiasjon av dei to løysingane på YouTube: