Angedalsvegen stengt for gjennomgangstrafikkAngedalsvegen er no stengd for gjennomkøyring, på strekninga mellom Grovene og Prestfossen bru. Ein kjem seg forbi på sykkel og til fots, men bilistar må køyre rundt via E39 og Hafstadflata.Vegen blir stengt for bilar på strekninga som er markert i raudt. MH Måndag 14. september stengte Angedalsvegen for biltrafikk frå krysset til Grovene og opp til Prestfossen bru. Folk som bur på den stengte strekninga skal ha tilgang til eigedomane sine. Det kan bli kortare stengingar av vegar og avkøyrsler for dei aktuelle grunneigarane, men entreprenøren og bebuarane vil løyse dette i dialog.- Vi kjem til å ha ein open gang- og sykkelveg heile tida, så eg vil anbefale folk som skal opp og ned Angedalsvegen til å bruke beina eller sykkelen viss dei kan, seier prosjektleiar Marius Slinde i Statens vegvesen.For dei som likevel må køyre, er omkøyringsruta via Hafstadflata på E39.Slinde oppmoder trafikantane til å følge godt med på skilting i området, og rette seg etter beskjedar frå anleggsfolka.Meir informasjon finn du på sidene til entreprenør Magne Hafstad. Sist endra 14.09.2026 16.16