Type: Gang- og sykkelveg
Status: Planleggingsfase
Det skal byggjast ny gang- og sykkelbru over Jølstra frå området ved det gamle kommunehuset til parkeringsplass ved kjøpesentra nord for Jølstra. Brua vil knyte Sentrum Sør nærare til handelsområdet nord for sentrum, og inngå i ein ny nord-sør akse gjennom sentrum.
Brua vil bli ca. 5 m brei mellom rekkverka, slik at to syklistar skal kunne møtast utan problem. Ulike brukonsept vart presenterte for kommunen i 2020 og formannskapet landa på å gå vidare med ei s-forma bjelkebru. Reguleringsplan for brua vart godkjent av Sunnfjord kommunestyre 18.11.2021.
På nordsida ev elva vert prosjektet koordinert med utbygginga av prosjektet Elvekanten. Bru blir ein kommunal veg når anlegget er ferdig, og bygging av brua er planlagt i 2023-24.
Gang- og sykkelbru over Jølstra krysser elva frå Naustøyna til Storehagen.
Statens vegvesen