Naustøyna–Storehagen, gang- og sykkelbru - Tiltak 8Illustrasjon av ny gang- og sykkelbru over Jølstra, sett mot det planlagte Elvekanten-prosjektet. Rambøll/L2 Arkitekter Type: Gang- og sykkelvegStatus: ByggefaseDet skal byggjast ny gang- og sykkelbru over Jølstra frå området ved det gamle kommunehuset til parkeringsplass ved kjøpesentra nord for Jølstra. Brua vil knyte Sentrum Sør nærare til handelsområdet nord for sentrum, og inngå i ein ny nord-sør akse gjennom sentrum.Arbeidet vart lyst ut i mars 2025. Tiltaket omfattar ny gang- og sykkelbru og parkanlegg på begge sider av elva. Gang- og sykkelbrua skal byggast som spennarmert betongbru. Fundamenteringa er med peler i Jølstra med tilhøyrande brufundament. Reguleringsplan for brua vart godkjent av Sunnfjord kommunestyre 18.11.2021. Brua blir ein kommunal veg når anlegget er ferdig. Gang- og sykkelbru over Jølstra krysser elva frå Naustøyna til Storehagen. Statens vegvesen