E39 Hafstad, gang- og sykkelveg og to kryss - tiltak 3 og 4

Det er bygd ny gang- og sykkelveg, og E39 er utvida med midtrabattar og busstopp på Hafstadflata. Ole Kristian Åset  

Type: Veg, gang- og sykkelveg

Byggestart: Januar 2019

Status: Ferdigstilt

Ferdig: Juni 2020

Om tiltak 3 og 4

Førdepakken har bygd ny gang- og sykkelveg nord for E39 mellom rundkøyringane på Hafstadflata. Fotgjengarar og syklistar som skal frå Brulandsvellene til sentrum slepp dermed å krysse E39. Prosjektet inneheld òg bygging av to kryss med svingefelt. Vegen vart heva med om lag 80 cm for å ta omsyn til flaum.

Tiltak 3 og 4 vart bygd saman med tiltak 10, ein gang- og sykkelveg frå den austlege delen av Førde til sentrum.

Kontakt oss

Erling Varlid
Prosjektleiar Førdepakken Statens vegvesen
E-post
Mobil 90 19 00 57