Type: Fortau
Byggestart: 2023
Status: Vedtatt plan
Ferdig: Ikkje avklara
Kommunestyret i Sunnfjord kommune vedtok reguleringsplan for Kyrkjevegen aust i oktober 2021. Planen legg til rette for å oppgradere Kyrkjevegen og byggje fortau langs vegen. Planane kan lesast hos Sunnfjord kommune her.
Det er stor gang- og sykkeltrafikk langs Kyrkjevegen. I tillegg til tilkomst til og frå bustadområda, er det mange som nyttar vegen for å komme til Førde barneskule, Førde ungdomsskule, Kulturskulen, ungdomshuset Skrivarløa, Prestebakken barnehage og Solsida barnehage, Førde kyrkje og Kyrkjelydshuset.
Kyrkjevegen blir nytta av både bilistar og gåande og syklande
Statens vegvesen
Planane
Førdepakken skal bygge fortau langs Kyrkjevegen frå krysset til Hornesvegen, og vidare austover til Angedalsvegen. Målet er å legge til rette for gåande og syklande i Kyrkjevegen. For å få ei god løysing med fortau forbi Førde kyrkje, vert det lagt til rette for einvegskøyring på ei lita strekning langs kyrkjemuren.
Det skal leggast til rette for fleire gode kryssingspunkt over Kyrkjevegen.
Statens vegvesen
Fortau på denne strekninga vil gje god framkomst og betre trafikktrygging for alle dei som går og ferdast i området.
Tiltaket vil sikre god samanheng med det som er bygd i tiltak 16, sykkelveg/fortau frå Førdehuset til rv.5. Det skal leggast til rette for fleire gode kryssingspunkt over Kyrkjevegen.
Strekninga er ca. 870 meter, og tiltaket er kostnadrekna til 57 mill.kr (i 2021-kr).
Førdepakken tek sikte på å starte bygging av fortauet mellom Hornnesvegen og Angedalsvegen i 2023.