Fv. 601 Angedalsvegen - tiltak 15 og 19

Døme på trafikkbilde ved dagens situasjon.

 

Type: Gang- og sykkelveg

Byggestart: 2024

Status: Prosjekteringsfase

Det største prosjektet i Førdepakken gjeld tiltak langs fv. 601 (tidlegare fv. 481) Angedalsvegen. 

Om tiltak 15 og 19

Prosjektet omfattar to av tiltaka i pakken, tiltak 15 og tiltak 19. Tiltak 15 strekkjer seg frå Førdehuset til Prestefossbrua (1,4 km), og tiltak 19 frå Prestefossbrua til Slåtten skule( 0,4 km). I tillegg vert vel 100 meter av gang- og sykkelvegen i Vievegen (langs høgskulen) opprusta.

Det er planlagd sykkelveg med fortau på nordsida av vegen.

Det vert bygd 1,8 km med ny sykkelveg med fortau. Syklande og gåande vert skilde frå biltrafikken med ein liten rabatt. Det vert færre og tryggare avkøyrsler ved at fleire er samla i fellesavkøyrsle  og det vert god sikt.  Dagens køyreveg vert utbetra og får jamn breidde på 6,5 meter heile strekninga. På to punkt vert vegen heva for å unngå at vegen vert steng ved flaum.

Det er planlagt busstopp omlag der desse ligg i dag. Busstoppa vert  bygde som kantstopp, og det er sett av plass til leskur. I krysset ved Prestefoss bru vert  tilhøva for mjuke trafikantar vert tryggare, og det vert betre plass for bussane gjennom krysset.

Angedalsvegen er ein viktig veg mellom sentrum, FSS og store bustadområde. Angedalsvegen er skuleveg for elevar ved Førde barne – og ungdomsskule, for Slåttens skule, samt Høgskulen på Vestlandet. Mange nyttar og vegen til og frå arbeid i sentrum eller ved FSS. Vegen blir og viktig tilkomst til Førdehuset og Hafstadparken. Tiltaket vil gje betre trafikktryggleik og ikkje minst ein trygg skuleveg. Framkomsten for alle trafikantgrupper, både mjuke trafikantar og køyrande, vert betre. Angedalsvegen inngår i hovudsykkelruta, og tiltaket vil bidra til eit samanhengande og effektivt sykkelnett.

Mål for prosjektet:

Talet på gåande og syklande i Førde aukar

  • Samanhengande system for mjuke trafikantar
  • Trygt for gåande og syklande (færre ulykker/konfliktpunkt mellom køyrande og mjuke trafikantar)

Talet som brukar buss aukar

  • God framkomst for kollektiv og tilrettelagde haldeplassar

Framkomst

  • God framkomst for alle trafikantgrupper
  • Vegen vert ikkje stengd ved flaum

Del 1, Førdehuset – Presteholten


Reguleringsplan for strekninga mellom Førdehuset og Presteholten var på høyring i 2019, og justert plan vart vedteken av formannskapet i Sunnfjord kommune 26. mars 2020.

Del 2, Presteholten – Slåtten skule


Reguleringsplan for strekninga mellom Presteholten og Slåtten skule vart vedteken i kommunestyret 24. september 2020.

Når reguleringsplanen er vedteken startar prosjekteringa, og det vert laga konkurransegrunnlag. Samstundes vert og alle grunneigarar kontakta med tanke på avtalar om grunnerverv.

Tiltaket er kostnadsrekna til 457 mill.kr (2021-kr)

Kontakt oss

Magna Fondesnes Vangsnes
Planprosjektleiar
E-post
Mobil 95 19 19 63