E39 Fjellvegen og Hafstadvegen - tiltak 14

Bilar køyrer på ny veg i Fjellvegen. - Klikk for stort bileteTrafikken er kome over på ny del av E39 på delar av Fjellvegen. Kristian Hauståker

Type: Veg

Byggestart: Vår 2022

Status: Ferdigstilt

Ferdig: Haust 2024

Reguleringsplanen for E39 Fjellvegen og Hafstadvegen vart vedteken i Sunnfjord kommunestyre 30. april 2020. Kontrakt på utførelse vart signert i mars 2022, og Entreprenørservice AS vart hausten 2024 ferdige med å bygge prosjektet. 

Les artikkel frå opninga: Rocka i gang ny torgplass og del av E39

Om tiltak 14:

Hafstadvegen er bygd om til ei gate der gåande har eigne område å vere på. Det er bygd torgplassar for opphald og aktivitet, mens bilane får mindre plass. Hovudtraseen for sykkel i Førde går gjennom området.

På E39 er dei ulike kryssa utbetra, slik at dei vert meir trafikksikre. Begge kryssa med Hafstadvegen er flytta litt på. Det er bygd ny tilkomst for bilar til Lysthaugen, litt aust for bustadane, og tidlegare tilkomst er gjort om til ein gang og sykkelveg.

Ny, asfaltert veg med bilar på Fjellvegen. - Klikk for stort bileteE39 Fjellvegen i retning Førde Hotell. Kristian Hauståker

Planområdet går frå krysset ved Førde hotell og til rundkøyringa på Hafstad. Det er gjennomført støytiltak langs heile strekninga.

Kontakt oss

Erling Varlid
Prosjektleiar Førdepakken Statens vegvesen
E-post
Mobil 90 19 00 57