Indre Øyrane–Langebruvegen - tiltak 12

 


Asfaltmaskiner jobbar ved brua over LØken. - Klikk for stort bileteVeganlegget er no grovt sett ferdig på store delar av strekninga, her frå asfaltering frå brua mot Øyrande vgs. Ole Kristian Åset  

 

Type: Veg , gang- og sykkelveg

Status: Byggefase

Byggestart: Januar 2021

Ferdig: Desember 2022

Bygginga av tiltak 12 er no i siste fase. Ny bilveg og gang-og sykkelveg er bygd frå rundkøyringa ved Øyrane vgs og fram til Langebruvegen 19. Brua vart teken i bruk som framkomst for bilar til helsetunet og Røde Kors-bygget våren -22, då gravinga i Langebruvegen starta opp.

Om tiltak 12

Prosjektet inneheld køyreveg og bru med tilrettelegging for gang/sykkeltrafikk i ei lengde på 550 meter frå rundkøyringa på rv. 5 Naustdalsvegen fram til lyskryss ved fv. 60 Storehagen(tidlegare fv. 481). Det blir bygd fortau på begge sider av ny gate.  På den eine sida av gata - nord/austsida - er det planlagt sykkelveg. I tillegg vert det rabatt med trerekker langs gata.

Støypte betongveggar på Løken bru. - Klikk for stort bileteBetongkonstruksjonane rundt Løken bru med helsetunet bak til høgre. Ole Kristian Åset Langebruvegen skal behaldast som ein av hovudaksane i Førde sentrum, og han vil binde saman dagens sentrum med ny bydel som kjem på Indre Øyrane. Langebruvegen vert omforma frå veg til bygate, med gode tilhøve både for køyrande og mjuke trafikantar. Her er framleis  plass til bilar, men det er prioritert plass til folk. Med fortau på begge sider av gata er det god tilkomst til bygningane. Langsgåande allé gir gata eit grønt preg, og avstand til trafikken.

Det er lagt opp til langsgåande parkering, eige parkeringsplassar nord og sør for Løken m.m.  Samla sett vert det like mange parkeringsplassar som i dag. Men ikkje alle parkeringsplassane vil liggje heilt inntil eigedomane.

Inngangspartiet på Helsetunet vert i stor grad uendra. Køyrebana ligg ca. 50 meter frå inngangspartiet til Helsetunet, ute i det som i dag er Løken/krattskog. Ved den sørlege fløyen på Helsetunet ligg ny gate om lag i same avstand som i dag.

 Langebruvegen blir tilrettelagt for mjuke trafikantar 

Sitteplassar og utkikkspunkt

Det er lagt opp til fleire sitteplassar og utkikkspunkt som vert tilrettelagt med benker, både ved Løken og langs Langebruvegen. Desse gir gata ein eigen identitet og skaper rom for opphald, aktivitet og møteplassar. 

Nytt samband er sentralt for avvikling av trafikken i Førde sentrum og avgjerande for utbygging av Indre Øyrane og fortetting i sentrum nordvest.

Prosjektet er kostnadsrekna til 108 mill. kr (2021-kr), og ligg innanfor den økonomiske ramma som er føresett i bompengesøknaden. Den nye gata vert kommunal.