Korleis er Førdepakken finansiert?
Førdepakken har ein utbyggingskostnad på 3,5 milliardar i 2024-kroner.
Førdepakken starta innkrevjing av bompengar hausten 2016, og opphaveleg skulle pakken avsluttast i 2028. Men fleire av prosjekta i pakken har vorte meir kostnadskrevjande enn det som først vart lagt til grunn. Samtidig har gjennomsnittstaksten vore lågare enn føresett som følge av lågt passeringstak.
For å finansiere dei planlagde prosjekta, gjekk Sunnfjord kommune og Vestland fylkeskommune inn for å auke inntektene gjennom å utvide innkrevjingsperioden fram til 2033. Stortinget vedtok i 2024 eit revidert finansieringsopplegg med forlenging av bompengeinnkrevjinga i perioden 2028–2033.
Utvida innkrevjingsperiode er rekna å gje eit bompengebidrag på 615 mill. 2024-kr og ytterlegare 126 mill. kr i mva.-kompensasjon. Saman med midlane som står att frå tidlegare, gjev dette ei total ramme til vegprosjekt i perioden 2024–2033 på 2 157 mill. 2024-kr.
Etter den «gamle» stortingsproposisjonen frå 2015 utgjorde bompengane ca. 60% av finansieringa, men med den nye proposisjonen vert denne prosenten høgare. Dei tre eigarane av Førdepakken har gått inn med høvesvis 9,5 prosent kvar, noko som tilsvarar 240 millionar 2024-kroner. I tillegg får ein refundert mva frå staten som kjem til når ein bygger fylkesvegar- og kommunale vegar i pakken, dette utgjer ca.12%.