Kva er Førdepakken?

 

Førdepakken er eit utbyggingsprosjekt som er bompengefinansiert. Pakken inneheld 20 prioriterte delprosjekt på riks-, fylkes- og kommunevegar i Førde. 

 

Målet med Førdepakken er å

sikre ein miljøvenleg og stabil trafikksituasjon i Førde

leggje til rette for fortetting og byutvikling

Førdepakken skal 

  • vidareutvikle Førde som regionsenter
  • sikre sentrumsutvikling og utbygging i Førde sentrum
  • gje betre vilkår for gjennomgangs- og lokaltrafikken
  • unngå framtidige trafikkproblem, og gi betre trafikktilhøve for alle trafikantgrupper
  • bygge eit samanhengande sykkelvegnett, talet på gåande og syklande må aukast
  • skilje av trafikantgrupper, og betre framkome og trafikktryggleik

Når Førdepakken står ferdig skal Førde ha eit samla vegsystem som skulle løyse utfordringane både for biltrafikken og dei mjuke trafikantane

Sentrale dokument

Kvalitetssikring av Førdepakken

Stortingsproposisjon 33 S (2024-2025)

Stortingsproposisjon 137 S (2014–2015)

Organisering

Førdepakken er eit trepartssamarbeid mellom kommune, fylkeskommune og staten.

Styringsgruppa har ansvar for god koordinering i Førdepakken, og består av Lise Mari Haugen(Sunnfjord kommune), Kjartan Hove (Statens vegvesen) og John Martin Jacobsen(Vestland fylkeskommune).

Det er styringsgruppa som kan prioritere mellom, eller gjere endringar i dei 20 prosjekta i Førdepakken men berre innafor reglane som er gjevne av stortinget.

Dei skal også sikre at Førdepakken når dei måla som er sett opp, halde eit auge med framdrift, gjennomføring og sikre tilstrekkeleg finansiering for alle prosjekta i Førdepakken, og sette inn tiltak der dei meiner det trengst.

Alle reguleringsplanar for tiltak i Førdepakken skal godkjennast av dei folkevalde i Sunnfjord kommune, med vedtak i kommunestyret som siste instans.

I 2026 vart det gjennomført organisatoriske endringar i pakken. Riks- og europavegprosjekta var då ferdig bygde, og sekretariatsfunksjonen for bypakken vart flytta frå Statens vegvesen til Vestland fylkeskommune.

Vestland fylkeskommune overtok ansvaret for utarbeiding av planar, prosjektering og utbygging for:

  • Brua mellom Angedalsvegen og Hafstad (tiltak 1)
  • Storehagen–Angedalsvegen (tiltak 9)
  • Brua mellom Halbrendsøyra–Øyrane (tiltak 20)

 

Statens vegvesen sitt ansvar er avgrensa til bygging av tiltaka i Angedalsvegen, Kyrkjevegen og bru Naustøyna–Storehagen (tiltak 15, 18,19 og 8).

Kontakt oss

Marius Slinde
Prosjektleiar Førdepakken, Statens vegvesen
Malén Røysum
Prosjektleiar
Telefon 57 63 80 33
Vigdis Lobenz
Prosjektleiar Førdepakken Sunnfjord kommune
Telefon 57 82 87 80