Bru Halbrendsøyra–Øyrane - tiltak 20Tiltak 20 teikna inn på oversiktsbilete over Førde Odd Furnes Type: Veg Byggestart: Ikkje avklara Status: Planlegging Ferdig: Ikkje avklara Prosjektet inneheld ny veg over Halbrendsøyra, ny bru over Jølstra og tilkopling til eksisterande kommunal veg på Øyrane med samband til rundkøyring og rv. 5. Ny veg og bru er planlagt med tosidig fortau. Lengda på prosjektet er på om lag 510 meter, og det er førebels kostnadsrekna til vel 200 millioner kroner. Tiltaket vil bidra til å betre trafikkavviklinga i Førde sentrum, og knyte saman områda Halbrendsøyra/Steinen og Øyrane. Ny gate og bru vil bli fylkesveg. Det er planlagt fortau langs gata. Planoppstart vart varsla i mai 2018. I samsvar med oppstartsvarselet er det utarbeidd eit skisseprosjekt. Førdepakken tek sikte på å fullføre reguleringsplan i 2024. Sist endra 16.08.2023 12.38