E39 Halbrend skule–Hogane, gang- og sykkelveg - tiltak 13

 

Dronefoto - Klikk for stort bileteDen nye gangvegen opna for bruk i månadsskiftet april/mai. Kristian Hauståker

Type: Gang- og sykkelveg

Byggestart: Haust 2021

Status: Opna for trafikk

Ferdig: 2023

Førdepakken har bygd ca. 460 meter gang- og sykkelveg frå lengst oppe i Liavegen og ned til Skjæret/Halbrendslia. Gang- og sykkelvegen opna for trafikk heilt i slutten av april.

I tiltaket inngår bygging av undergang under E39. Dette er ein viktig skuleveg til Halbrend skule, og gang- og sykkelvegen avløysar tidlegare plankryssing med lysregulering.

Arbeidet starta i november 2021, og våren 2023 pågår noko finpuss av anlegget etter trafikken er sett på. Anlegget er bygd av entreprenøren  Magne Hafstad AS.

Tiltaket er kostnadrekna til 11 mill.kr (2021-kr)

Kontakt oss

Erling Varlid
Prosjektleiar Førdepakken Statens vegvesen
E-post
Mobil 90 19 00 57