Veistenging ved kyrkjegarden i Førde

Køyrevegen til Førde kyrkjegard, Blomreina, vert stengd for biltrafikk tysdag 4. juni frå kl. 07:30–22:00 på grunn av gravearbeid.

Alt du treng å vite om bomringen

Innkrevinga av bompengar i Førdepakken starta 3. oktober 2016.

Betaling med AutoPASS-brikke

Det enklaste og billegaste måten å betale bompengar er med ei AutoPASS-brikke i bilen.

Fordelar med å bruke AutoPASS-brikke:

  • AutoPASS-avtale gjev 20 % rabatt for køyretøy t.o.m 3.500kg
  • Timesregel (du betalar berre for ei passering per køyretøy per time)
  • Månadstak/passeringstak (du betalar for maks 30 passeringar per køyretøy per månad)
  • Du kan bruke AutoPASS-brikka i alle andre AutoPASS-anlegg
  • Du får 10 % rabatt i fleire andre bomstasjonar


Bomstasjon ved Bruland, innkøyring til Førde frå aust Ole Kristian Åset  

Førdepakken er ikkje utstedar av AutoPASS-brikker. Dersom du ynskjer ei rabattavtale, men ikkje har AutoPASS-brikke frå før, må du teikne AutoPASS-avtale med eit utstederselskap for å få tilsendt brikke.

Spørsmål og svar om bomringen