Om prosjektet

Fakta om prosjektet

Trafikkanalysar frå vegane rundt Førde syner at 80 prosent av trafikken har Førde som mål for reisa. Trafikkveksten fram til 2040 er rekna til 32 prosent. Tungtrafikken åleine vil auke til 1 400 køyrtøy i døgeret, eller nesten 60 i timen.

Det betyr at utan tiltak på vegnettet, vil trafikken i 2040 stort sett stå i ro, og det vil ikkje vere høve til utbygging og fortetting i sentrum.

Noko må gjerast om Førde som regionsenter skal kunne halde fram å utvikle seg. Skal Førde sentrum vere ein god stad å jobbe og bu, og det skal vere flyt i gjennomgangs- og lokaltrafikken må ein ta tak i trafikkproblema no.

For å unngå framtidige trafikkproblem må vi gi betre trafikktilhøve for alle trafikantgrupper – både biltrafikken og dei mjuke trafikantane. Fleire må gå eller sykle, men då treng vi samanhengande sykkelvegar, og eit klårt skilje mellom trafikantgruppene. Dette vil gje betre framkomst og betre trafikktryggleik for alle.

Førdepakken består av 20 tiltak i prioritert rekkefølgje.
Tiltaka inneheld:

  • nye køyrevegar
  • betre kryssutformingar
  • breiare fortau
  • tilrettelegging for sykkelen
  • klart skilje mellom gåande, syklande og bilane
  • høgare standard på vegane

Bygginga av første store prosjekt i Førdepakken er riksveg 5 Bergumkrysset, som har oppstart i slutten av 2016. Dei neste åra vil alle som ferdast i ørde merke hektisk anleggsverksemd.

Kostnaden er rekna til 1650 millionar kroner (2015). Bompengar utgjer ca. 60 % av finansieringa, og resten er midlar frå staten, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Førde kommune. Nedbetalingstida i Førdepakken er rekna til 12 år.

Les meir om vegprosjektene på Statens Vegvesen sine sider: http://www.vegvesen.no/vegprosjekter/fordepakken

Førdepakken oversikt

 

 

 

 

 

 

Du bruker en nettleser som ikke støttes av denne nettsiden!

Du bruker en nettleser som ikke støttes av denne nettsiden! Du bruker en nettleser som ikke støttes av dette nettstedet. Dette betyr at noen funksjoner ikke fungerer som de skal. Bruk eller oppgrader / installer en av de følgende nettlesere for å dra full nytte av dette nettstedet.
- Takk!
WordPress Appliance - Powered by TurnKey Linux